15.06.2022
Han har ansvar for modifikasjonar på anlegget
Kjetil Hantveit var med å byggje anlegget og gjorde come-back i 2014 i stillinga som Modification Manager.
Teknologisenter Mongstad (TCM) har 10 års-jubileum i 2022. Vi feirer oss selv med intervjuer med personer som på forskjellig måte har hatt betydning for virksomheten i disse årene.
– Kvifor søkte du deg til TCM?
– Eg fekk ein telefon frå tidlegare prosjektleiar Sjur Brandtun om å ta meg stillinga som leiar for modifikasjonar på TCM medan eg jobba på eit prosjekt for Equinor i Nordsjøen. Eg la ikkje skjul på at det var freistande, og ikkje lenge etter fekk eg tilsendt forslag til kontrakt. Motivasjonen for å seie ja var at eg kjente tilhøva på TCM frå anleggsperioden, og visste at eg fekk jobbe i lag med flinke folk. So vart det óg jubel på heimebane over at eg skulle få ein jobb på vanleg dagtid. Reisa frå garden på Hantveit i Gulen på nordsida av Fensfjorden har aldri vore noko problem. 1. februar 2014 var eg i gong.
– Korleis var det første møtet med TCM?
– Eg hugsar at det var kjekt å helse på gamle kjente på modifikasjonsavdelinga og dei som hadde byrja der etter at anlegget vart teken i bruk. Dei tok meg med på ein rundtur og forklarte kva som hadde skjedd dei to fyrste åra. So sat vi oss ned og drøfta dei oppgåvene vi hadde framfor oss. Det vart ein god dag for ein halvegs nykomling.
– Kva vil du halde fram som mest gjevande og interessant i jobben din på TCM?
– På TCM lever kvar aktivitet og testkampanje sitt eige liv. Det som har gjort jobben interessant er at vi har klart å gjere dei tilpasningane på anlegget som har vore naudsynte for kvar ny teknologi som har vorte testa. Soleis vert det nybrottsarbeid kvar gong, og eg kan med handen på hjartet seie at ingen har reist herifrå uten at dei har fått gjort det dei hadde på planen før dei kom. Somme tider dukkar det opp problem som løysast ad hoc, men dei klarer vi å løyse med sterk vilje og god innsats, og framifrå samarbeid med tekonologileverandørane. At dei får testa det dei skal innanfor sine tidsplanar og er nøgde med resultata, er utruleg tilfredsstillande både for meg og heile TCM-teamet.
– Er det spesielle prosjekt eller hendingar du hugsar tilbake på med spesiell glede?
– I den første driftsperioden var utfordringa å teste med begge røykgass-kjeldene frå raffineriet i aminanlegget, det vil seie både røyk med ca 3,5 prosent og ca 20 prosent CO2-innhald. Vi tenkte at installasjon av eit nytt stort filter som filtrerte partiklar før gassane gjekk inn i prosessen ville vere ei god løysing, men faginstansane vi søkte råd hos var skeptiske. Dei meinte filteret ville gå fort tett. Men trass i at kompetansen og dei ressursane vi hadde til rådvelde ikkje var dei største, valde vi å gå for løysinga vi hadde tenkt. Vi gjorde først ein pilot for å sjå korleis det gjekk, og det fungerte bra. Då vart vi glade – og litt stolte. Filteret vi skaffa for seks år sidan er i bruk den dag i dag.
– Kva tenkjer du på som mest utfordrande ved arbeidet ditt på TCM?
– For meg personleg har jobben på TCM vore ein lang fagleg opptur. Men for verksemda er det eit problem at dei driftsperiodane staten og dei industrielle eigarane gir oss finansiering til, er korte. Det gjer det vanskeleg å planlegge aktivitetar langt fram i tid. Det gjer det óg krevjande å rekruttere nye folk og halde på dei vi har. For TCM er det dessutan ei utfordring at anlegget ikkje lenger er nytt, men har vore i drift i ti år. Når drifta berre vert garantert for tre år i slengen, vert det vanskeleg å få gjennomslag for tekniske oppgraderingar. Dei trengs for at TCM skal halde posisjonen som leiande i verda på testing av teknologiar for CO2 fangst.
– Kva er ynskjet ditt for TCM dei neste ti åra?
– Til no har TCM vore eit «catch and release»-anlegg. Ynskjet mitt er at vi i åra som kjem óg kan ta i bruk CO2 som vert fanga og gjere nytte av han som innsatsfaktor i ulike industrielle produksjonar. Her kan vi med vår kompetanse vere ein pådrivar og katalysator til hjelp for dei som har gode idéar. Samstundes må testing av nye teknologiar halde fram. Som i bilindustrien jobbar vi for å minske utslepp og presentere stadig meir energieffektive løysingar, og det tek si tid. TCM har so absolutt framtida føre seg!
Namn: Kjetil Hantveit
Alder: 45
Utdanning: Fagbrev i elektro, samt som ambulansesjåfør
Sivil status: Sambuar, tre born
Arbeidsforhold på TCM: Ansvarleg for mekanisk ferdigstilling av anlegget 2009 – 2011, leiar for modifikasjonsavdelinga 2014 – , medlem i leiargruppa 2020 –
Noverande stilling: Modification Manager på TCM, utleigd frå Omega Power
– Når du generelt ser tilbake på 10 års verksemd på TCM, kva har dei som har jobba der og framleis jobber der grunn til å vere mest stolte av?
– Eg meiner ein skal vere varsam med å føle seg vellukka. Suksess målast best i lovord frå andre. Men at vi har klart å få selskap og forskingsinstitusjonar frå store delar av verda til å kome til Mongstad er ein bragd. Det skuldast ikkje berre at testfasilitetane er gode, men at dei vert tekne imot av folk som verkeleg har greie på det dei held på med, og hjelper dei vidare på vegen. Ein skal hugse på at sjølv om testkampanjane vert subsidiert av eigarane til TCM, so er det ikkje gratis å kome hit. Norge er eit høgkostland, og utlegga dei har med å få utstyr og personell til Mongstad er ikkje små. At dei likevel både i USA, Asia og Europa satsar ressursar på testing og samarbeid med TCM, er prov på at vi er til nytte og har gode tilbod.