
23.04.2025
Kathrine får kabalane på TCM til å gå opp!
– Bemanning er ein kabal som stadig må leggast på nytt. Det er både utfordrande og givande, seier Kathrine Sætre.
Kathrine starta som skiftleiar på TCM i 2024, og har med seg brei erfaring frå olje- og gassindustrien. 44-åringen trivst i eit miljø med høgt tempo, tett samarbeid – og store forventningar til resultata frå testar på fangst av CO2.

Kathrine Sætre har brei erfaring frå olje- og gassindustrien. I fjor byrja ho som skiftleiar på TCM. – Fleire må få innsikt i det viktige arbeidet som skjer her, og kor mykje det betyr i kampen mot klimaendringar, seier ho i dette intervjuet.
– Korleis enda du opp som ein del av TCM-teamet?
– Eg deltok i Equinor sitt utviklingsprogram for førstelinjeleiarar, og der vart eg utfordra til å søkje jobben som skiftleiar på TCM. Det var ei spennande moglegheit, så eg hoppa i det!
– Kva kjende du til om TCM før du byrja?
– Eg visste at Equinor hadde mykje fokus på CO2-reduksjon og det grøne skiftet, men eg visste ikkje så mykje om kva dei heldt på med på TCM anna enn at dei jobba med teknologi for karbonfangst. No som eg er her, synest eg det er utruleg givande å få vere med på noko så viktig, konkret og framtidsretta.
– Kva er mest spennande med jobben din?
– Å få ansvar for planlegging på tvers av avdelingar og bidra til samarbeid i ein kompakt og kompetent organisasjon er noko av det eg likar best. Bemanning er ein kabal som stadig må leggast på nytt, og det er både utfordrande og interessant. Når vi har kampanjar med kundar som testar ut ny teknologi, er det ekstra spennande å sjå korleis operasjonsteamet løyser komplekse testmatrisar.
– Korleis ser ein typisk arbeidsdag ut for deg?
– Dagen startar med å snakke med kontrollrommet om nattas drift og eventuelle utfordringar. Deretter har vi morgonmøte med dei ulike avdelingane. Resten av dagen handlar mykje om samhandling, risikovurdering, planlegging og utførelse.

– Kva nytte har du av utdanninga og erfaringa di?
– Eg har fagbrev som både prosessteknikar og laborant, og har jobba både offshore og på land. Det gjer at eg forstår arbeidskvardagen og utfordringane sett frå operatørane sitt perspektiv. Dessutan har eg vore ansvarleg for lærlingar, og det har gitt meg erfaring med planlegging, oppfølging og relasjonsbygging – alt dette kjem godt med som skiftleiar.
– Er det eit prosjekt du er spesielt stolt av?
– Eg har ikkje vore så lenge på TCM. Honeywell-kampanjen, som nyleg vart avslutta, var min første heile test. Det var mange utfordringar både før og etter kampanjen – spesielt med solventen. Eg vart skikkeleg imponert over kor dyktige folk er her, og kor mykje verdifull kunnskap dei har frå tidlegare kampanjar som kom til nytte då både små og litt større utfordringar skulle løysast.
– Kven jobbar du tettast med?
– Eg jobbar mest med skiftpersonell, og med leiinga og teknisk avdeling. Eg synest vi har eit godt samarbeid – det er mange flinke folk, og vi får til mykje saman.
– Korleis opplever du det å vere kvinne i eit mannsdominert arbeidsmiljø?
– Det har eg eigentleg aldri sett på som noko problem. Eg har jobba med menn sidan eg var 18, og likar det godt. Dei tenkjer ofte litt annleis enn oss damer – og det kan vere både nyttig og morosamt.”
– Kva gir deg mest glede og energi på jobb?
– Humor og latter! Og når vi får løyse utfordringar saman som eit lag, og ser gode idear bli verkelegheit.
Namn: Kathrine Sætre (44)
Sivil status: Sambuar, tre born
Frå: Solend i Austrheim kommune
Stilling: Team Leader Operation and Maint (Skiftleiar)
Utdanning: Fagbrev som prosesstekniker og laborant
Yrkeserfaring: Lærling på Equinor Mongstad, prosessoperatør på Gullfaks C i åtte år,
Operatør på Heimdal, Laborant på Statfjord A, Laborant på Veslefrikk, ansvarleg for
lærlingar på Mongstad raffineriet 2021-2024, Team Leader Operation and
Maint / skiftleiar på TCM 2024 – dd.
God til: Ha mange ballar i lufta
Kan ikkje fordra: Å seie nei
Hobbyar: Familien, hunden vår Nala, trening, fjellturar, hagearbeid
Draumer om: At mine born får eit trygt og godt liv, backpacking i Sør-Amerika i tre – fire månader

– Kva synest du er den største utfordringa i jobben?
– Det er å få personellkabalen til å gå opp, særleg med ein liten driftsorganisasjon. Om nokon vert borte, er vi sårbare.
– Viss du skulle gi ein blome til ein kollega, kven ville fått han?
– Eg vil gi ein stor blome til dei som jobbar 24/7, og som er vekke frå familien i helger og høgtider. Dei var også utruleg tålmodige då eg byrja, og delte gjerne av kunnskapen sin. Eg er takksam for den støtta.
– Kva seier familie og vener om jobben din?
– Dei fleste veit ikkje så mykje om TCM, men synest det høyrest spennande ut. Mange trekk fram «månelandinga» – det heng visst framleis igjen. Difor er det viktig å få fram at teknologitesting på Mongstad har vore avgjerande for realiseringa av Langskip, med fullskala CO2-rensing på sementfabrikken i Brevik som første steg. Det same gjeld for ei rekke andre CCS-prosjekt ute i verda. Fangst og lagring av CO2 må til for å nå måla i Paris-avtalen. Fleire må få innsikt i det viktige arbeidet som skjer TCM, og kor mykje det betyr i kampen mot klimaendringar.
– Korleis ladar du batteria etter ein lang dag?
– Då er det familien, hunden vår Nala, trening, fjellturar og litt hagearbeid som gjeld. Eg likar å vere aktiv, men også å ha rolege stunder.
– Har du nokon draumar for framtida?
– Først og fremst håpar eg at barna mine får ei trygg og god framtid. For min eigen del er det viktigaste å kunne gjere ein god jobb – og at helsa held. Men eg har òg ein draum om å backpacke gjennom Sør-Amerika i tre–fire månader. Det hadde vore ei oppleving for livet!