Då Karen Karolina Høisæter hadde sin første arbeidsdag på TCM, tysdag 5. mars i år, fekk ho eit overraskande spørsmål: «I morgon kjem Kronprinsen på besøk. Har du lyst til å vere med og presentere laboratoriet?»
Dagen etter stod Karen klar, tok Haakon i handa og viste han rundt. – Slik vart starten på arbeidslivet mitt eit minne for livet, seier ho med eit smil.
Etter ti år med studium i kjemi ved NTNU i Trondheim, inkludert eitt år med fødselspermisjon, var Karen godt førebudd på oppgåvene som venta på TCM.
Sjå korleis ting fungerer i praksis
Men verken i utdanninga til sivilingeniør eller i arbeidet med doktorgrad lærte dei om etikette når ein tronarving står i døra og vil høyre om arbeidet i laboratoriet på verdas største teknologisenter for fangst av CO2. – Men Kronprinsen var hyggeleg, og eg trur han fekk eit godt inntrykk av det han fekk sjå og høyre.
Då kortesjen med dei prominente gjestane hadde køyrt, og roen senka seg på TCM, kunne opplæringa av den nytilsette laboratorieingeniøren ta til. – Teknologien for karbonfangst kjente eg jo godt til frå doktorgradsarbeidet mitt. Men det var utruleg spanande å få ei grundig omvising på anlegget og sjå korleis ting fungerer i praksis.
Doktorgraden til Karen Karolina Høisæter handlar om stabiliteten til aminbaserte solventar som vert nytta i fangst av CO2, som er den mest modne av teknologiane. Men på NTNU jobba ho også i ei gruppe med forskarar som utviklar metodar for fangst med membranar og MOF-baserte teknologiar.
Eit eldorado
– Det fine med TCM er at ein her både har 12 års erfaring med testing av aminteknologi i tilnærma full skala, både frå proprietære og opne, forskingsbaserte kampanjar, men også har etablert eit framifrå tilbod for testing av nye teknologiar. Det gjer arbeidsplassen til eit eldorado for ein som brenn for å finne dei beste løysingane for å redusere utslepp av CO2 frå alle typar industri.
Karen vaks opp på Bømlo, og i ungdomstida var ho medlem i Natur og Ungdom. Men det var interessa for realfag som staka utdanningsvegen til kjemistudium på NTNU. Med seg på lasset til Trondheim hadde ho kjærasten frå Bergen som utdanna seg til lektor. No er paret vel etablert i Åsane i Bergen med ei dotter som går i barnehage medan foreldra er på jobb. Når treåringen er i seng for kvelden, blir det gjerne tid for mora til å øve på bratsjen. Som deltakar i orkesteret «Collegium Musicum» i Bergen vert det stilt høge krav til Karen – også på fritida!
Korleis artar så kvardagen seg på laboratoriet på TCM for ein høgt utdanna kjemiingeniør?
– Laboratoriet er ein del av Operations, driftsavdelinga til TCM, med analyse som hovudoppgåve. Vi passar på at solvent som vert nytta i fangstprosessar verkar som dei skal, og at utslepp i samband med testing er innafor dei krava Miljødirektoratet har stilt. Dette vert gjort både med online-analyse og i form av manuelle prøver vi tek av gassen, for å sikre dobbel verifisering. I tillegg tek vi vassprøver for å kontrollere at ingenting frå anlegget lekk ut i naturen.
Då eg starta var vi berre to som delte på oppgåvene, men no har vi fått ein laborant i tillegg. For meg betyr det at eg kan konsentrere meg om vedlikehald av instrumenta, dataprosessering og rapportering. Eg gir også dei som jobbar på Teknologi-avdelinga støtte i ulike prosjekt, særleg der det er snakk om solventdegradering og analyseteknologiar. Dette gjer at eg også tek del i faglege diskusjonar og i arbeidet med skriving av artiklar til GHGT-konferansen seinare i haust.
Namn: Karen Karolina Høisæter
Alder: 31
Sivil status: Gift, eitt barn
Utdanning: Doktorgrad i prosesskjemi ved NTNU (2023), sivilingeniør i organisk kjemi (2018)
Stilling på TCM: Senior laboratorieingeniør frå mars 2024, tilsett i Equinor
– Kva vert din rolle i samband med planlegging og gjennomføring av testkampanjar, Karen?
– Eg får prøve meg for første gong når vi går i gang med ein ny kampanje i haust, og det ser eg fram til. Då vert mitt fokus på analysar av kva som går for seg i anlegget med dagleg rapportering til TCMs koordinator for kampanjen og til kunden. Arbeidspresset kan verte stort, litt avhengig av korleis testinga går. Difor har det vore fint i dei første månadene å ha tid til å setje meg inn i metodeverk og rutinar, slik at eg er godt førebudd til kampanjestarten.
– Kva er ditt inntrykk av arbeidsmiljøet på TCM?
– Det som har imponert meg er kor godt organisasjonen fungerer og profesjonaliteten i alle ledd. Eg nemnde online-analysen av utslepp i stad. Metoden er utvikla av automatikarane på TCM, og eg meiner det er ganske utruleg kva dei har fått til. Dette er likevel berre eit døme på den høge kompetansen i selskapet. Samstundes skal ein hugse at TCM ikkje er ein stor arbeidsplass. Samarbeid på tvers av avdelingane er difor heilt avgjerande for å levere dei tenestene og skape dei resultata kundane treng for å kome vidare med sine teknologiar. Inntrykket mitt er at dei tilsette jobbar godt i team; eg har i alle fall ikkje møtt nokre stengde dører. Og når vi går til lunsj, er det ingen som sit åleine. Alle rundt bordet vert inkluderte i samtalane. Det er triveleg å jobbe i TCM – rett og slett!
– Karen, kva er ditt ynskje for TCM i åra som kjem? Ser du lyst på framtida?
– Eg tenkjer at utvikling og forbetring av teknologiar for karbonfangst enno er i si byrjing og må halde fram i mange år, og at TCM vil ha ei soleklar rolle i dette arbeidet. Det finst ingen andre pilotar eller testarenaer i verda som kan levere i same skala eller med tilsvarande ekspertise. Nokon trur at dei altfor høge utsleppa av CO2 vil forsvinne når olje og gass ein gong vert erstatta av fornybar energi, men det er ei misforståing. Effektiv fangstteknologi trengst i alt frå stål- og sementproduksjon til avfallsindustri, ja, i nær sagt all verksemd verda må ha for å brødfø ein stadig veksande befolkning.
Men kundane kjem ikkje til Mongstad av seg sjølve. TCM har ein sterk posisjon i det internasjonale CCS-miljøet, og eg har inntrykk av at dei som jobbar med forretningsutvikling i selskapet har «mange ballar i lufta». Samstundes vert det også viktig å kunne levere nye tenester og produkt, som svarar på dei behova teknologiutviklarane har. Så for min del ser eg fram til mange og gode år i TCM.