
24.03.2025
Møt Magne Tresvik – ein pioner på TCM
I snart tretti år har Magne Tresvik vore ein sentral del av industrimiljøet på Mongstad. Frå dei tidlege dagane på raffineriet til rolla som Electrical/Instrument Engineer ved Technology Centre Mongstad (TCM), har han vore med på å utvikle karbonfangst til ein viktig del av klimaløysinga.
I dette intervjuet deler Magne minner frå oppbygginga av TCM, dei største utfordringane, og kva som held motivasjonen oppe i eit teknologifelt i stadig utvikling.

Magne Tresvik er veteran på TCM. – Kvar testkampanje har sine spaningsmoment, seier han i dette intervjuet.
– Korleis vart du ein del av TCM-teamet?
– Eg har stort sett jobba på Mongstad heilt sidan eg vart ferdig ved NTNU i 1996. Først arbeidde eg på raffineriet og fekk vere med på mange interessante prosjekt. Men då TCM skulle byggjast, vart eg saman med fleire andre innleigde ingeniørar bedne om å ta del i planlegginga og realiseringa av det nye teknologisenteret. Då det stod ferdig i 2012, fekk eg tilbod om å halde fram i selskapet. Etter ei stund tok eg eit lite års pause i Siemens i Bergen, før eg vende tilbake til jobb i Modifikasjonsavdelinga. I fjor vart eg fast tilsett, på same vis som dei fleste andre innleigde medarbeidarar.
– Kva hugsar du best frå prosjektfasen i TCM?
– Det var mange folk som jobba på anlegget for Alstom og Aker Solutions, og for oss som var engasjerte med elektroinstallasjonar og instrumentering, var ikkje arbeidet så ulikt andre store tekniske prosjekt på raffineriet. Det mest spesielle var nok støypinga av absorbaren til amin-anlegget. Og så hugsar eg sjølvsagt den store opningsseremonien i mai 2012. Eg var vakt ved den eine porten og passa på at ingen uvedkommande slapp inn.
– Kva forhold hadde du til karbonfangst før du byrja?
– Eg var heilt blank, for å vere ærleg, men idéen om å redusere klimautslepp ved å fange CO2 fascinerte meg. Samstundes må vi innrømme at det har vore krevjande å få det til på rette måten, på lik linje med all anna teknologiutvikling. Likevel har nybrottsarbeidet til TCM gjeve resultat, der fangstanlegget til Heidelberg Materials i Brevik, som vert sett i drift i år, er eit av fleire viktige døme. Men framleis er det rom for å gjere forbetringar i amin-teknologien, ikkje minst med tanke på reduksjon i energikostnadene i fangstprosessen. Og så skjer det mykje spanande i utviklinga av heilt nye teknologiar.
– Kva er det mest spanande med jobben din på TCM?
– Kvar testkampanje har sine spaningsmoment. Det kjem nye folk frå inn- og utland til Mongstad med ulike teknologiar som dei ivrar etter å få testa i praksis.
Dei seinare åra har testinga på Site for Emerging Technologies (SET) vore spesielt interessant å ta del i.
– Korleis artar ein typisk arbeidsdag seg for deg?
– Hovudoppgåva mi er å syte for god planlegging, både før og under ein testkampanje, gjennom teikningar i CAD-program og hjelp med design av utstyr som trengst for å gjennomføre dei førsøka teknologiutviklarane vil gjere. Akkurat no er vi inne i avslutninga av kampanjen til Svante på SET. For meg starta arbeidet med dei med eit besøk til Canada i april i fjor saman med Matthew Campell og Istvan Szabo. Slik vart eg kjent med korleis dei tenkte, og kva vi måtte stille opp med for at dei skulle få best moglege resultat av testinga på TCM.
Namn: Magne Andreas Tresvik (57)
Sivil status: Gift, tre barn
Frå: Fonnes i Austrheim kommune, bur på Lindås
Stilling: Electrical/Instrument Engineer
Utdanning: Sivilingeniør i teknisk kybernetikk (automasjon) på NTH, no Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU). Fagbrev som elektrikar gr. og ingeniørutdanning i elektro ved Bergen tekniske fagskole.
Yrkeserfaring: Electrical/Instrument Engineer på TCM fra 2010 – dd. Jobba for Siemens i 2013.
God til: Multitasking
Kan ikkje fordra: Uærlege folk, røyking
Hobbyar: Fisking, fjellturar, hage og gråsteinsmuring
Draumer om: Å ha god helse til eg vert 100 år!

– Er det eit prosjekt på TCM du ser tilbake på med spesiell stoltheit?
– Etableringa av SET i 2021 var utfordrande, ikkje minst på grunn av alle omsyna vi måtte ta under COVID-19-epidemien. Men etter litt om og men kom modulane til to amerikanske selskap, først TDA Research og så Membrane Technology and Research (MTR), på plass. Vi var stolte over at alt arbeidet med å leggje til rette for testing av membranar eller absorberande material som er designa for å fange CO2, hadde lukkast. Dette var ein viktig milepæl for TCM.
– Kven jobbar du mest saman med, og korleis fungerer samarbeidet?
– I MOD-gruppa er vi fem som har ansvar for ulike oppgåver og hjelper kvarandre i kvardagen. Vi har eit nært samarbeid med dei som jobbar med instrumentering og vedlikehald. Vi har òg mykje dialog med Teknisk avdeling. Alt i alt har vi eit velfungerande fagleg samarbeid og miljø, og vi kan trekkje på eksterne ressursar når det er trong for det.
– Kva gir deg energi og glede på jobb?
– Lunsjen til Sara er eit dagleg høgdepunkt som gir mykje energi 😊 Generelt er det inspirerande å sjå at så vel unge som meir erfarne kollegaer lukkast med teknisk kompliserte prosjekt. Samhaldet mellom dei tilsette i selskapet er godt og gir mykje glede.
– Om du skulle gje ein kollega ein blome, kven skulle det ha vore – og kvifor?
– Blomen går til Magnus Aronsson, som arbeider på Instrument og Vedlikehald. Han er dyktig og løysingsorientert, og stiller berre nødvendige spørsmål.
– Kva seier familie og vener om jobben din?
– Når nokon spør kva vi held på med på TCM, pleier eg å seie at vi driv med forsking. Det tek tid og er vanskeleg, og anlegga våre er kostbare og komplekse. Vi har framleis eit stykke att til ei perfekt løysing for CO2-fangst, men vi tek små steg dag for dag. Eg trur dei rundt meg set pris på at eg er nøktern, men samstundes har trua på at det vi gjer, er viktig for å nå dei globale klimamåla.
– Kva meiner du er den største utfordringa i arbeidet ditt?
– Planlegging er alfa og omega. Tidsvindauget for kvar testkampanje er kort, så det kan verte kritisk om ein har gløymt noko vesentleg når ein skal i gang. Vi er ikkje så mange på TCM, men til gjengjeld har vi gode og effektive rutinar som ikkje overlét noko til tilfeldigheita.
– Har du spesielle planar for framtida?
– Eg håpar å kunne gjere nytte for meg på TCM i mange år til før eg vert pensjonist. Elles har eg ikkje så mange andre planar enn å ta godt vare på kroppen og helsa. Å halde seg i form, både fysisk og mentalt, er ein føresetnad for eit godt liv i alderdomen.