29.10.2024
«It’s all about people»
– Modifikasjonar er ei lita avdeling med svært kompetente medarbeidarar som sjeldan seier «nei» og ofte «ja».
Avdeling for modifikasjonar må i møte med utfordringane i kvardagen i stor grad stole på seg sjølve – fordi det ikkje er mange andre å spørje. Men mi erfaring er at når ein gir folk ansvar, så løftar dei seg. Leiarskap handlar om å vise respekt og tillit!
Avdeling for modifikasjonar
Kjetil Hantveit tok til som leiar for modifikasjonsavdelinga på TCM i 2014. Fram til då hadde han jobba nesten ti år for Equinor på fleire store olje- og gassprosjekt i Nordsjøen og på land, mellom anna på Mongstad-raffineriet og i byggeprosjektet for det nye teknologisenteret.
– Eg var van med å ha eit stort apparat med fagfolk rundt meg og visste at slik kom det ikkje til å vere på TCM. Men eg vart trigga av dei mange og varierte faglege utfordringane og ansvaret som følgde med å setje namnet mitt på papiret for dei løysingane som gruppa i fellesskap kjem fram til som dei beste for kvar arbeidsoperasjon eller prosjekt.
Med på laget har han Magne Tresvik, elektroingeniør, som i tillegg til planlegging og installasjon av alt elektrisk også sørgjer for oppdatering av dokumentasjon og teikningar. Roger Solheim er site supervisor og koordinerer alle modifikasjonsjobbar i samarbeid med avdelingane for Teknikk og Drift, samt analyserer HMS-risiko. Istvan Szabo er PDMS-designer, som mellom anna inkluderer kontinuerleg oppdatering av anleggets 3D-modell for å inkorporere modifikasjonar ved hjelp av Plant Design Management System (PDMS), no betre kjent som E3D. Desse fire utgjer kjernen i Modifications. I tillegg har dei stor nytte av tenestene til Elisabeth Nilsen som dokumentkontrollør, og Jorunn Hovda, som jobbar i Finance and Administration med budsjettering og kontroll av alle bestillingar og rekvisisjonar. Dessutan administrerer avdelinga to personar som jobbar fast på TCM med montering av stillas og installasjonar.
– Det som kjenneteiknar dette mannskapet, er lang erfaring med kva som må til for at kvar testkampanje som blir planlagd på amin-anlegget og Site for emerging technologies kan gjennomførast i tråd med kundane sine ynskje og føresetnader. Av dei tilsette er Istvan den ferskaste, og han starta karrieren sin på TCM i 2015!
– Korleis ser ein vanleg dag på jobben ut for deg og teamet ditt?
– Typisk for oss er at vi får forslag frå drifts- og teknikkavdelingane til endringar som må gjerast på konstruksjonane i samband med ein kampanje. Jobben vår er å vurdere mogelege forbetringar basert på ein studie av den aktuelle teknologien som skal testast, til dømes dimensjonar på røyr og andre tekniske spørsmål som naturleg melder seg. Vår vurdering kring ingeniørarbeidet fører fram til ei løysing som deretter blir berekna med tanke på kostnader. Når grunnlaget for modifikasjonar er beslutta, er oppgåva vår å sørgje for at endringane på papiret blir gjennomførte på installasjonane. Her gjer vi avtaler med leverandørar innan sveising og elektro, og ser til at dei utfører jobben vi har blitt einige om. Så utfører vi testing før overlevering av installasjonane til driftsavdelinga. Utover dette har vi også dialog med Business Development når potensielle kundar har spørsmål knytt til kva som må til av modifikasjonar ved ei eventuell teknologi-test på TCM.
– Korleis fungerar samarbeidet med dei andre avdelingane på TCM?
– Eg kan med handa på hjartet seie at vi ikkje har utfordringar med omsyn til samarbeid på TCM. Vi er ein liten organisasjon med spesialisert fagkunnskap på fangst av CO2 og er vane med å trø til på tvers av avdelingar for å løyse problem som kan oppstå i samband med ein testkampanje. Dei tilbakemeldingane vi får frå kundane viser at lagånda på TCM blir høgt verdsett.
I haust startar to testkampanjar på TCM: Honeywell på amin-anlegget og Svante på Site for emerging technologies.
– På kva måte har desse kampanjane kravd tilpassingar eller modifikasjonar på anlegget for at kundane skal få gjort effektive testar av sine teknologiar?
– I samband med Honeywell sin kampanje blir det installert nye og betre måleinstrument som vil bli permanente på amin-anlegget etter kampanjen. For Svante har vi, saman med deira folk, teke del i montering og installasjon av modulane som skal nyttast, og testa at dei fungerer etter hensikta. Eg har god tru på ei «smooth» gjennomføring av desse kampanjane.
– Amin-anlegget til TCM har vore i drift sidan 2012. Korleis jobbar de med planlegging og iverksetting av tekniske oppgraderingar av anlegget?
– I Modifications har vi gjennom åra hatt ei aktiv rolle, mellom anna i installasjonen av eit nytt filter (BD) i anlegget, for å redusere mengda partiklar i røykgassen. Ved fleire høve har vi også utført oppgradering både innvendig og utvendig i absorbertårnet. No jobbar vi med ein studie av mogelege endringar for å tilpasse anlegget til den nye samansetjinga av røykgassen vi får levert frå varmeverket til raffineriet.
– På kva måte ser du for deg at ny teknologi kan bidra til effektivisering av arbeidsoperasjonar i åra som kjem?
– For vår del ser vi allereie nytta av KI, til dømes i berekning av dimensjonar på anlegga. Likevel må vi vere sikre på at vi som menneske forstår grunnlaget for dei resultata som poppar opp på PC-en, slik at vi ikkje bommar på investeringar. Vi har også skaffa oss utstyr som gjer det mogleg å visualisere planlagde modifikasjonar på anlegget før dei faktisk blir gjort fysisk. Så ja – vi tek stadig i bruk ny teknologi for å utføre oppgåvene betre og med lågare bemanning enn vi hadde før.
– TCM er i omstilling. Korleis påverkar dette modifikasjon? Ser du optimistisk på framtida?
– Arbeidet som no blir gjort for å styrkje berekrafta i drifta av TCM er bra – for med omstilling har vi alle føresetnader for å halde fram som verdas største og mest fleksible testsenter for fangst av CO2. Modifications hadde ei sentral rolle i etableringa av Site for emerging technologies, og etter mitt syn må vi satse endå sterkare på å verte den føretrekte arenaen for testing av nye og innovative fangstmetodar. Utvidingar med nye areal og større kapasitet vil ikkje berre kunne gi masse arbeid til oss i Modifications, men til heile TCM. Viktigast av alt er at vi held fram som eit selskap med store moglegheiter for fagleg utvikling, og med stor takhøgde internt. Vi som jobbar i TCM er priviligerte, både fordi vi har ei særs viktig oppgåve, og fordi arbeidsmiljøet er usedvanleg godt. Det gir meg trua på framtida!